Hyllestad kommune søkjer kommunelegar i "nordsjøturnus"

Etter mange år med bruk av vikarbyrå ønskjer vi å etablere ein ny modell for legetenesta vår med legestillingar i legekontoret og legevaktvaktordning med tilknyting til KAD-avdeling i eit interkommunalt legevaktsamarbeid. Ordninga skal innførast innan 01.01.2022.
 

Kommunen har frå før vår dyktige kommunelege som har vore i kommunen over lengre tid med ansvar for sjukeheimen og helsestasjonen.

Legestillinga i nordsjøturnus arbeider 1-2 veker kvar. Du er på legekontoret frå kl. 08:00 til 15:30 med vaktberedskap.

Utanom dette er stillinga tilknytt ca. 2-3 vakter på ettermiddag/helg i den interkommunale vaktordninga pr. månad.

Du kan lese meir om, og søke på stillinga her: https://hyllestad.easycruit.com/vacancy/2797425/141661?iso=nn