Hyllestad kommune etablerer løysing for innbyggjarvarsling.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Hyllestad kommune har tatt i bruk varslingssystemet Varsling24 for at innbyggjaren i eit definert område kan varslas med SMS til mobiltelefon og talemelding til fasttelefon ved viktige hendingar.

Tenesta heiter "Varsling24", og leverest av Fram Web AS.

Systemet vil verte brukt i situasjonar i forbinding med vasstenging, vegstrekning, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon.

Varslingssystemet er integrert med eit kartsystem som gjer at kommunen raskt kan varsla alle som bur i et geografisk område. Ved en befolkningsvarsling går det ut SMS til mobiltelefonar og talemelding til fasttelefonar. Dersom en større hending skulle inntreffa i kommunen, kan man varsla alle innbyggjarane.

Systemet gjer oppslag i fleire register, blant anna Folkeregisteret, kommunens eigedomsregister og kontaktregisteret for offentleg forvaltning. Systemets eige tilleggsregister er også eit tilbod til privatpersonar og bedrifter. Dei som har telefonabonnement og som ikkje er registret i «kontaktregister for offentlig forvalting», må sjølv registrere seg som mottakar av meldingar frå kommunen via Varsling 24 på www.varslemeg.no

Bruksområde

Kommunane brukar systemet for å varsla om f.eks. vegstenging og vassleidningsbrot, og det er også blitt brukt ved evakuering av innbyggjarane i eit geografisk definert område.

Viktig:

For å kunne nå alle som bur fast eller midlertidig i Hyllestad kommune, fordrar vi alle til å gå inn på http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon for å oppdatera sine opplysningar, alternativt i tilleggsregisteret på www.varslemeg.no

Du kan leggje inn fleire nummer på same person/adresse, og endre desse seinare.

Er du ikkje registrert i «kontaktregister for offentlig forvalting», bruk www.varslemeg.no "Tilleggsoppføring". Logg deg på og legg inn riktig telefonnummer på riktig adresse.

Du kan også sjekke om du er blitt varsla under "Har jeg blitt varslet".

Ofte stilte spørsmål:

Korleis verkar varslinga?

Meldinga sendes som sms til mobiltelefoner og en automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding lesast inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du bedt om å tasta: 1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldinga 0 - dersom du ynskjer å høyre meldinga ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?

Så lenge du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvalting» på riktig adresse er alt i orden. Din oppføring kan du sjekke ved å logge deg inn her: http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Du kan kontrollere dine tilleggs oppføringar på www.varslemeg.no

Vel "privat" (evt. "bedrift").

Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send".

Du mottar en kode på sms, som du bruker for logge deg inn. Da kan du sjå kva adresse ditt mobilnummer er registrert på i tilleggsregisteret.

Ved behov kan du her registra ditt telefonnummer på fleire adresser.

Eg har hemmelig nummer. Vert eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Viss du allikevel ynskjer å få varsel frå din kommune, gjer en tilleggsoppføring på www.varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn min bustadadresse?

På varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde born i studentbustad, dine foreldres bustad eller en fritidseigedom. Slik gjer du: Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer". Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send". Du mottar ein kode på SMS, som du brukar for logge deg inn. Her kan du leggje til andre adresser du vil varslas for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i et burettslag eller sameige blir varsla viss dei er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

Korleis finn eg ut om mine foreldres adresse er i ein kommune som brukar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommunen for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?

varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er ført opp på ditt mobilnummer. Slik gjer du:

Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".

Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "send".

Du mottar ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.

Her kan du også slette adresser eller legge til fleire