Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Hyllestad framleis friskmeld - oppdatering 16.10.2020

I dag, fredag 16.10.2020, er siste dag i ein sju dagars periode etter siste test, og om kommunen ikkje mottek positive prøvesvar på dei prøvane som er tekne i samband med utbrotet, vurderer vi utbrotet til å vere under kontroll og over.  Smittesporinga viser at det ikkje har vore ukontrollert smitte i lokalbefolkninga, og det er heller ikkje avdekka smitta personar med ukjent smitteveg.

Klikk for stort bilete 

Det har vore teke rundt 500 koronatestar ved verftet og 300 ved legekontoret.  Det må rettast ein stor takk til alle som har hjelpt til i denne krevjande situasjonen, både eigne tilsette og eksterne.
Det er registrert 96 personar som  har testa positivt og har vore i isolasjon, rundt 800 har vore i karantene fordelt utover smitteperioden.

 

Det er framleis mykje jobb å gjere for legane våre, m.a. med prøvetaking, vurdere avisolering og dokumentering.  Det vil difor vere litt ventetid på vanleg legetime, men ta kontakt med legekontoret om du har trong for legehjelp eller vil sette deg opp på ein time.

 

Det er framleis viktig at folk fortset å teste seg dersom ein mistenkjer at ein kan vere smitta av koronavirus, slik at dette vert oppdaga tidleg.  Du kan ta kontakt via koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08.30-13.30) eller 577 89 520 (ope kvardagar 09.00-11.00 og 12.30 – 13.30), eller tinge time via nettet >timebestilling.

 

Som tidlegare meldt er skule, barnehage, sfo og andre kommunale tenester tilbake i vanleg aktivitet, med naudsynte smitteverntiltak.  Hyllestadhallen og idrettslaga har òg teke opp igjen sine aktivitetar. 

 

Påminning om smittevernreglane

 

Ut frå den generelle smittesituasjonen i Noreg, minnar vi om grunnleggjande smittevernreglane. Dei er framleis det beste forsvaret mot koronaviruset:

  • Hugs god hand- og hostehygiene.
  • Du og dine næraste kan omgåast normalt. Hald minst 1 m avstand til andre enn dine næraste.
  • Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.
  • Hald deg heime ved ny oppstått luftvegsinfeksjon/covid-19 og ring gjerne legekontoret for å bli vurdert for testing.
  • Ikkje ta unødvendige reiser i eller utanfor Noreg til områder med høg smittespreiing eller pågåande utbrot.

 

Klikk for stort bileteLitt, mykje eller heilt avstand?