Husnummer klart for henting

Adressering.jpg - Klikk for stort bilete

For dei som har fått melding om det, så er dei bestilte husnummerskilta klar for henting. Dei som har bestilt, men ikkje fått melding om det, kjem med restebestillinga som vert sendt i starten på November.

Plassering: Plan og utvikling

Betaling:Kontant

 

 

Skiltplassering

1. Adressenummerskilta skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Der huset ikkje er synleg frå vegen, skal adresseeigar også setje opp eit skilt ved innkøyringa, t.d. på søppelskur eller portstolpe e.l.

2. Nummerskilt på hus skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mogleg til høgre for hovudinngangsdøra. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskilt òg plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for tilkomst. Skilta bør plasserast slik at dei er leselege i mørke