Høyring: Lokalitet til taredyrking

400px-Hyllestad_komm.svg.jpg - Klikk for stort bilete Seaweed AS, 6987 Bulandet, søkjer om klarering av lokalitet for taredyrking på Lauvholmgrunnen i Hyllestad kommune.  

Publisert av Bjørn Ivar Hjelmeland. Sist endra 11.01.2018 av Bjørn Ivar Hjelmeland

Lokaliteten ligg på sørsida av Hyllestadfjorden, mot Lifjellet.
Omsøkt areal er 320 dekar med koordinatposisjon N: 6110917, Ø: 514254.
Arealet er utlagt til akvakultur i arealdelen i kommuneplanen.

Lokaliteten er tenkt nytta til artane sukkertare (Laminaria saccharina),
butare (Alaria esculenta) og søl (Palmaria palmata), i eit bøyestrekkanlegg, modell "Buland". Planlagd årleg produksjon er 425 tonn.

Søknad: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_hyllestad/wfdocument.ashx?journalpostid=2017006085&dokid=112695&versjon=1&variant=A&

 

Merknadar i saka sendast til: Hyllestad kommune, 6957 Hyllestad,
eller postmottak@hyllestad.kommune.no, innan 10.02.2018.