Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Har du planar eller ønskje om å setje inn spiral eller p-stav? Helsestasjonen treng kandidatar

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto helsenorge.no Lieselotte Van Der Meijs/Johner Om du er mellom 16 og 22 år, kan du no få økonomisk stønad for å dekke heile eller deler av kostnadane med prevensjon.  

Via midlar frå Fylkesmannen skal tilsette ved Helsestasjon for ungdom i Hyllestad (jordmor, helsesjukepleiar og helsestasjonslege) få kompetanseheving og opplæring i å setje inn p-stav og spiral. I veke 49 vil det kome ein helsesjukepleiar frå Sex og Samfunn i Oslo som skal stå for denne opplæringa.

Vi treng i den samband kandidatar som kan tenke seg å få satt inn enten spiral eller p-stav.

Ein betalar sjølv for p-staven/spiralen medan sjølve innsetjinga er gratis. Er du mellom 16 og  21 år får du økonomisk støtte frå staten til prevensjon (Statens bidragsordning). Sjå tabell for meir informasjon om pris for spiraler og p-stav gjeldande frå januar 2020.

Interessert?

Ta kontakt med helsesjukepleiar Siv (57 78 95 12 / 45 87 81 78) måndag – fredag mellom 08.00-15.30 eller jordmor Elisabeth (57 78 95 13 / 95 59 54 59) onsdagar mellom 08.30-14.30 for meir informasjon.

 Preparat 

Ordinær pris

16-19 år 

20 år 

21 år

 Mirena 

kr 1 262,20

Gratis

kr 302,20

kr 782,20

 Kyleena 

kr 1 205,40

Gratis

kr 245,40

kr 725,40

 Jaydess 

kr 1 113,30

Gratis

kr 153,30

kr 633,30

 Levosert 

kr 979,50

Gratis

kr 19,50

kr 499,50

 Nexplanon 

kr 1 200,50

Gratis

kr 240,50

kr 720,50

 Kobberspiral 

kr 720,00

Gratis

Gratis

kr 240,00

Mirena og Kyleena er hormonspiraler som varer i 5 år. Levosert er hormonspiral og varer i 4 år. Jaydess er hormonspiral og varer i 3 år. Nexplanon er p-stav og varer i 3 år. Kobberspiral varer i 5