Fugleinfluensa

Det er ikkje funne fuglar som har vore smitta av fugleinfluensa i Hyllestad kommune per 7. august 2023.

Kommunen er i beredskap om det skulle bli oppdaga fugleinfluensa.

Om du finn daude fuglar

Dersom du finn daude fuglar på eigedomen din, meld frå til kommunen.

Daude fuglar skal ikkje i restavfallet.  Om du finn daude fuglar kan dei leggast i dobbel blank plastsekk (to sekkar) og teipast godt igjen.  Syt for å bruke hanskar og vask hendene godt etterpå.

Varsle kommunen

Om du finn daude fuglar, eller mistenkjer fugleinfluensa, kan du ringe Hyllestad kommune v/brannsjefen på telefon 975 30 458 eller sende e-post til atle.tonning@hyllestad.kommune.no.

I helgene kan du ta kontakt med brannvakta på telefon 901 47 910 (frå fredag 15.00 - mandag 08.00).

Meld frå til Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa

For å avgrense spreiing av fugleinfluensa er det viktig at du også melder frå til Mattilsynet dersom du oppdagar daude eller sjuke fuglar og mistenkjer fugleinfluensa.

> Mattilsynet si e-postadresse:  innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no

> Les gjerne Mattilsynet sine spørsmål og svar til befolkninga for å lære meir.

Sjeldan smitte frå fugl til menneske

Sjølv om viruset svært sjeldan smittar til menneske er det viktig at dersom du mistenkjer fugleinfluensa ikkje tar på fuglen utan hanskar eller lar kjæledyr kome i kontakt med den.  Sjuk fugl skal vere i fred.

Beredskap

Kommunen er i beredskap dersom det skulle kome eit eventuelt utbrot av fugleinfluensa.  Askvoll, Fjaler og Hyllestad har hatt felles beredskapsmøte for å diskutere handtering av eit eventuelt utbrot av fugleinfluensa i kommunane, og ein vil då handtere dette i fellesskap og i samråd med Mattilsynet.

Atle Tonning
Brannsjef
E-post
Mobil 97 53 04 58