Finn viktig informasjon om:

 

Fritidsklubb i Hyllestad

I mars 2022 starta Hyllestad kommune opp ny fritidsklubb i Hyllestad for 5.-10. klasse.

 

Fritidsklubben er eit gratis lavterskeltilbod kvar torsdag, rett etter skulen, fram til klokka 18:00. Leiar for klubben er Cecilie Løvø Amundsen, som er utdanna Barne og Ungdomsarbeidar.

 

Klubben held til i det «sosiale rommet» på Hyllestad skule, eit stort rom med sofa, bord og ulike leikar. Det kjem rundt 20 faste påmelde kvar gong, og i tillegg kjem det nokre på drop-in. Veldig gledeleg at besøkstala er så gode!                                          Vi startar kvar gong med ei samling der vi vel kven som har kjøkkenvakt og kva dei ulike ynskjer å gjere. Ungdomane vel aktivitetar sjølv.

 

Det er alltid eit varmt måltid som ei lita gruppe med ungdomar tilberedar. Her følgjer alt med, frå ynskje om meny, tilbereding, dekking av bord, oppvask og opprydding. På menyen stod mellom anna: taco, tomatsuppe, pizza, risengrynsgraut, hamburger osv. Alt etter ynskje frå elevane sjølve. Vi har i tillegg fruktfat eller fruktsalat.

 

På fritidsklubben har vi brettspel, nokre ynskjer å gjere lekser, vi har rom for ute- og inneleik,. Vi har oss òg ei økt i Hyllestadhallen, med kanonball i ulike variantar. Dette har vist seg å vere særs attraktivt.

 

Fritidsklubben skal vere ein fri-arena, med stor medverknad av brukarane der alle skal bli sett og høyrt. Tilbodet er eit prøveprosjekt fram til sommarferien. Dersom prosjektet er vellukka, kan det bli vidareført på permanent basis etter sommaren.

 

Har DU lyst å vere med?                             

 

Det går fint at du berre er med ein gong utan påmelding. Viss du vil vere med kvar gong, så er det fint med påmelding slik at vi kan planlegge middagen og ha oversikt over kven som kjem.

 

For påmelding eller spørsmål ta kontakt med Cecilie på tlf. 90827820.

 

Velkomen!