Førehandsrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 9. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen det høver best for deg.  Veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere dette i tidsrommet frå 12. august til og med 6. september 2019.

I Hyllestad kommune kan du førehandsrøyste på kommunehuset på Hyllestad måndag - fredag mellom kl. 09:00 - 15:00 (utvida til 08:00 - 15:30 dersom det er nok godkjent personale til stades).

Torsdag 29. august og torsdag 5. september vert det utvida opningstid til kl. 19:00.

Det vert høve til å førehandsrøyste på Eiklund sjukeheim tirsdag 3. september kl. 10:00 - 12:00 (ope for alle).

Hugs legitimasjon og gjerne valkort når du skal røyste.  Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det gjer registreringa av røystinga di enklare om du tek det med.

Om du ikkje er manntalsført i Hyllestad, så ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta di når fram til valstyret i bustadkommunen din innan valdagen.

Ambulerande røysting (heimerøysting)
Dersom du grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp i vallokalet på valdagen eller kan røyste på førehand på annan måte, kan du be om å få førehandsrøyste heime eller der du oppheld deg.

Frist for å be om å få førehandsrøyste heime til ambulerande røystemottakar er sett til tirsdag 3. september.  Ta kontakt med Hyllestad kommune for å gjere avtale, ring 57789505/98885997 eller 57789504 eller send ein e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no, morten.askvik@hyllestad.kommune.no eller til elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no

Valdagen er det ope for røysting i Hyllestadhallen for alle i tida 09:00 - 20:00.

Godt val!

Morten Askvik
Leiar i valstyret

Kontakt

Morten Askvik

Ordførar
Telefon : 577 89 505 | 988 85 997
E-post :

Elin Garnes Solås

Stabsleiar HR & økonomi
Telefon : 577 89 504
E-post :