Finn viktig informasjon om:

 

Fiberutbygging Skiveneset og Brennsdal og tilknytingskampanje for nye Enivestkundar i Hyllestad

Istock Hyllestad Kommune har inngått kontrakt med Enivest AS om utbygging av fiber på Skiveneset og Brennsdal. 

I samband med desse utbyggingane så køyrer Enivest ein kampanje, der alle potensielle kundar i Hyllestad slepp etableringsavgift. Kampanjen varer ut oktober.

På Skiveneset blir det levert eit bakkenett der ein grev ned fiberanlegget. I Brennsdal er det planlagt ein stasjon med radiolinje inn til stasjonen. Frå stasjonen og ut til husstandane blir det lagt fiber.

 

Korleis bestille?

Enivest er i gang med salet og reiser fysisk rundt til alle aktuelle husstandar i dei to områda i desse dagar. Det er og muleg å bestille via nettsidene til Enivest https://www.enivest.no/produkt. Begge anlegga er planlagt levert og ferdigstillt i løpet av 2022.

 

Kampanje frå Enivest: Ingen etableringsavgift ut oktober 2022.

For alle som ønskjer å bestille fiber på Skiveneset og Brennsdal køyrer Enivest ein kampanje der ein slepp etableringsavgift (tidlegare 5990,- kr). Denne kampanjen vert køyrt ut oktober, og gjeld også for husstandar i område som er bygd ut tidlegare. Innbyggarbidraget til kommunen er det same som før, 8160 kr. og vil bli fakturert direkte frå kommunen.

 

Kva med Rysjedalsvika- og Espelandsområde?

For utbyggingene som er planlagte i områda Espeland og Rysjedalsvika, så er Fylkeskommunen i sluttfasen på anbudsrunden. Vi kjem med informasjon så snart kontrakt er signert med utbyggar.

Rolf Hatlem, Prosjektleiar