Finn viktig informasjon om:

 

Er kanskje akkurat du vår nye kulturkonsulent og leiar av frivilligsentralen?

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Søknadsfrist 14.08.2022

> Send oss ein søknad her. 

Hyllestad kommune har ledig ei spennande stilling som kulturkonsulent frå snarast.

Stillinga sitt arbeidsområde vil vere innafor kulturområde i eit breitt perspektiv og som leiar av Hyllestad frivilligsentral.

Vi søkjer etter deg som er kreativ, fleksibel, nytenkande og serviceinnstilit, og har eit tydleg fokus på fagleg kompetanse.  Godt samarbeid med organisasjonsliv, prosjektarbeid og utvikling ser vi som viktig del av oppdraget.  Hyllestad kommune sin visjon "Inkluderande og attraktiv" vil vere retningsgivande for arbeidet framover.

Kommunen ønskjer å stimulere til frivillig arbeid gjennom lag- og organisasjonar, men også den nyetablerte frivilligsentralen. Hyllestad kommune sin visjon er "Inkluderande og attraktiv", der fokuset er å arbeide for at alle blir inkludert på ein god måte, og at ein dermed også blir ein meir attraktiv kommune å bu i. Vi søkjer ein person som tek ei aktiv rolle, og som ønskjer å utvikle kommunen i den retninga visjonen peikar ut.

Velkomen som søkjar!