Eigedomsskatt 2019 - skattelister

 

 

Skattelista for eigedomsskatt 2019 er med dette utlagt til offentleg ettersyn.

Du finn lista her i pdf-format:

 

Skattelistene er sortert på gards- og bruksnummer i stigande rekkefølgje.

Grunna reglar om offentlegheit er ikkje namnet på eigaren med i skattelista. Du kan likevel få oppgjeve namnet på eigar på enkelteigedommar ved å kontakte Hyllestad kommune.

 

Taksten står i utgangspunktet uendra i 10 år men det er høve til å krevje omtaksering før den perioden er omme. Krav om omtaksering må framsetjast overfor kommunen før 01.november i året før skatteåret, det vil sei at viss ein krev omtaksering i 2019 så vil dette tidlegast gjelde frå og med 2020.

 

Skattesatsen (skattepromillen) er den same som for 2018, altså sju promille av taksten.

Kommunestyret vedtok å auke alle skattetakstar med 10% den 14.12.2017 i sak 17/099 i samsvar med egedomsskattelova § 8 A-4 og har vore gjeldande frå 01.01.2018.

 

Eigedomsskatten vert delt på fire terminar i året og fakturert på same faktura som dei andre kommunale avgiftene.

  

Det er klagerett på utskriving av eigedomskatt med mindre det har vore klaga på same forholdet tidlegare, klagefrist er sett til seks veker, det vil sei 12.04.2019.

 

Ei eventuell klage må klage må framsetjast skriftleg og være grunngjeven.

Klagen sender du til:

Hyllestad kommune

Lifjordvegen 7

6957 Hyllestad