Eigedomsskatt 2017 - skattelister

Prestebustaden.png - Klikk for stort bilete  

Publisert av Stig Aron Tverberg. Sist endra 31.03.2017 av Stig A. Tverberg

Skattelista for eigedomsskatt 2017 er med dette utlagt til offentleg ettersyn.

Du finn lista her i pdf-format; Link til liste (PDF, 318 kB) I tillegg er lista lagt ut i papirformat i ekspedisjonen på kommunehuset.

 

Skattelistene er sortert på gards- og bruksnummer i stigande rekkefølgje.

Grunna reglar om offentlegheit er ikkje namnet på eigaren med i skattelista. Du kan likevel få oppgjeve namnet på eigar på enkelteigedommar ved å kontakte Hyllestad kommune.

 

Taksten står i utgangspunktet uendra i 10 år men det er høve til å krevje omtaksering før den perioden er omme. Krav om omtaksering må framsetjast overfor kommunen før 01.november i året før skatteåret, det vil sei at viss ein krev omtaksering i 2017 så vil dette tidlegast gjelde frå og med 2018.

 

Skattesatsen (skattepromillen) er den same som for 2016, altså sju promille av taksten. Det vil sei at alle som ikkje har gjordt endringar på eigedommane vil få same skatten som i fjor.

 

Eigedomsskatten vert delt på fire terminar i året og fakturert på same faktura som dei andre kommunale avgiftene.

 

Nye eigedommar samt dei eigedommar som har fått endra takst får tilsendt skattesetel med skriv om klagerett med meir.

 

Det er klagerett på utskriving av eigedomskatt med mindre det har vore klaga på same forholdet tidlegare, klagefrist er sett til seks veker, det vil sei 11.05.2017.

 

Ei eventuell klage må klage må framsetjast skriftleg og være grunngjeven.

Klagen sender du til:

Hyllestad kommune

6957 Hyllestad

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering