Budsjett og økonomiplan på høyring

Klikk for stort bilete Hyllestad kommunestyre skal vedtak årsbudsjett for 2020 og økonomiplan for perioden 2020-23 i møte 12. desember 2019.  Dokumenta er no lagt ut på høyring slik at du kan gje innspel.

 

Frist for høyring er i tide før møtestart torsdag 12.12.2019.

Formannskapet sitt framlegg til årsbudsjett 2020 og økonomiplan 2020-23 er lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Framlegget inneheld framlegg til skattlegging, inkl. satsar for eigedomsskatt og regulering av kommunale avgifter og betalingssatsar, samt endra betalingsregulativ for Alden hamneområde og endring i forskrift om vass- og avlaupsgebyr.

 

Formannskapet sitt budsjettframlegg (saksdokument). (PDF, 491 kB)
Tekstdel (PDF, 2 MB)
Taldel (PDF, 2 MB)
Prisliste (XLSX, 586 kB)
 

Framlegget er òg lagt ut i papirformat i ekspedisjonen på kommunehuset.

Kommunestyret handsamar saka i møte 12. desember 2019 på Hotel Sognefjord.

Eventuelle merknader må vere Hyllestad kommune i hende i tide før møtet.  Merknader kan sendast til postmottak@hyllestad.kommune.no eller til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.