Brannbilen på veg til Ukraina!

Då har sjåfør Halvar Horne reist i retning Ukraina, med brannbilen som er donert av Hyllestad kommune!

Mange av dei Ukrainske flyktningane i Hyllestad møtte opp i solskinnet ved brannstasjonen på Myregjerdet for å ynskje god tur, og få ei orientering om kva utstyr brannbilen skal ha med seg. Ordførar Kjell Eide og brannsjef Atle Tonning informerte, og dei frammøtte fekk slå av ein prat med sjåfør Halvar Horne. 

Reiseruta går fyrst til Tønsberg der møter dei 4-5 andre bilar som skal i same ærend. Deretter går turen vidare til Sverige for ferje og samkøyring med mange andre til Ukraina.

Brannbilen har med mykje utstyr som kjem godt til nytte i det krigshejra landet.

Utstyret brannbilen har med seg, samt pengestøtte er gitt av:

  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Sogn Bygg AS
  • Hatleberg Bil & Maskin AS
  • HAFS Elektro & Rør AS
  • YS Elektro AS
  • Ahlsell
  • Tonning Bygg AS
  • Vestland Maritime AS
  • Hyllestad Røde Kors
  • Fagforbundet Av. 300 Hyllestad
  • Brannmannskap i Hyllestad Brann og Redning har alle gitt kr. 1000,- kvar.

 

Nokre av elevane frå norskopplæringa i Hyllestad og borna deiras, framfor brannbilen.

 

Vi ynskjer sjåfør Halvar god tur!