Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

"Basecamp" i Hyllestad

 

Er du klar for ÅRETS HAPPENING?
8.-10. oktober samles vi endeleg til BaseCamp igjen,- tidenes leir i Hyllestad!🥳🤩🔥

Føl med på Instagram @basecamphyllestad for konkurransar og oppdateringar om leiren!

BaseCamp er en leir for deg mellom 13-19 år. 7.klassingar er òg hjarteleg velkomne, om de har med ein vaksen leiar. Er du over 19 og vil vere med som leiar, ta kontakt med oss!

Helga blir stappfull av aktiviteter, konkurranser og sport, møter med lovsang og taler, nye og gamle venner, digg mat, leirkveld med "vondt i magen av å le for mykje"- vibes, og etterlengta leirstemning!
Deltakerane kjem frå store deler av Hordaland og Sogn og Fjordane, men du er hjarteleg velkommen kvar enn du kjem frå.

Leiren kostar 500,- og inkludera mat og overnatting. Meir info om transport får du på mail. Vi sender deg òg pakkeliste, program og alt anna du må vite om leiren når helga nerma seg.

For deg som allerede bur i Hyllestad og kanskje ikkje ser nødvendigheta av å overnatte på leiren, vil vi sterkt anbefale deg å overnatte på leirstedet då dette byggjer ei heilskapleg leiroppleving.

 

Vi gler oss VILLT til å ha deg med på leir!

 

Kontaktinformasjon:
Mari Dale Salbu, leirsjef
94982524 / mari.salbu@hotmail.com