Barnehagedagen 2019

Hyllestad barnehage markerte 12. mars barnehagedagen 2019

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

..

Kvar avdeling hadde ansvar for kvar sin aktivitet som utfordra nysgjerrigheit og undring hos både liten og stor. 

Vi hadde fire stasjonar ute i barnehagen:

 

Vatn – kva flyt, synkSåpebobler , såpebobler, drops m.m.

Kan egg flyte? Kva om vi tek salt i vatnet, vil egget flyte då? Kan eit stearinlys flyte? Kva om vi stikk ein spiker i eine enden  av lyset, kva skjer då med lyset når vi legg det i vatnet? Kan byggeklossar, binders, flaske og leikegris flyte?

Korleis lagar vi store såpebobler ?? Kva skjer når vi tek Skittles-drops og heller vatn over? Her var det mange ting å undre seg over.

Å, ja, hadde vi nok salt i vatnet flaut egget Skittlesdrops med varmt vatn over

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bruk av forstørrelsesglas - utforsking og undring over ulike ting

Torunn hadde med seg spennande ting som barna lurte på kva var. Barna fekk sjå små insekt i forstørrelsesglas, undra seg over kva steinar ho hadde med (inneheldt ulike steinsortar), kvifor det var skjelform på steinen og  kva dyr kom skjelettet frå? Så spennande.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eksperiment i sandkassen, vulkan og kindereggbombe

Aud Irene laga vulkan av zalo, eddik, konditorfarge og natron i sandkassa. Spennande å sjå når det boblar opp forskjellige fargar frå sanden. Lurte på om ho klarte å lage bombe med kinderegg og ja det klarte ho

Vulkan av zalo, eddik, konditorfarge og natron

 

 

 

 

 

 

 

 

Hinderløype, eiga meistring

Siv laga ei spennande hinderløype med balanse på ulikt underlag, klatre under og/eller over bordet, kaste ball og erteposar, og snurre i kjegla.  Her fekk barna utforske ulike måtar å bruke kroppen på. Fin mestring for barna.

Barnehage hinderløype

 

 

 

 

 

 

 

Dette var ein kjekk og spennande dag i barnehagen for både små og store!

Kontakt

Rigmor Strømskag Dale

Rigmor Strømskag Dale

Styrar Hyllestad barnehage
Telefon : 57789555
E-post :