Koronavirus - Hyllestad kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.  

 

Årleg ruteendringsprosess 2022

Stig Aron Tverberg Skyss viser til den faste årlege ruteendringsprosessen, der kommunane vert bedt om å komme med innspel til justeringar i rutetilbodet for buss, båt og ferje. Føremålet er å fange opp forbetringsbehov som grunnlag for å gjere naudsynte endringar og tilpasse tilbodet best mogleg innanfor dei rammene vi rår over.

Hyllestad kommune er bedne om å samordne innspel til ruteendringar i rutetilbodet for buss, båt og ferje.

Hyllestad kommune har i fleire år hatt same prioriteringar, der dei viktigaste punkta kan samanfattast slik:
•    Rutetilbodet er på eitt minimum, og kan ikkje reduserast
•    Korrespondansen på særleg skulerutene er for dårleg
•    Fleire ruter innad i kommunen
•    Rysjedalsvika er særs viktig som både hurtigbåtanløp og fergeanløp
•    Serviceskyss er viktig

Vi ber om innspel på konkrete ruteendringar innan 19.1.

Innspel kan sendast postmottak@hyllestad.kommune.no