Arbeid med ny alminneleg taksering for eigedomsskatt frå 2020

Klikk for stort bilete

Alle bustadeigedomar, næringseigedomar og fritidseigedomar i Hyllestad kommune skal fotograferast og registrerast i tida framover.

Dette vert gjort fordi alle eigedomar skal takserast på nytt slik at kommunen skal kunne justere eigedomsskatten i samsvar med verdien på eigedomane.

Hyllestad kommune har innført eigedomsskatt på alle eigedomar.  Hyllestad kommunestyre vedtok i desember 2018, ei ny alminneleg taksering av eigedomane.

Dei ny eigedomsskatte-takstane og ny utskriven eigedomsskatt, vert kunngjort 1. mars 2020.

Synfaringa er snart i gang

Kommunen har tilsett synfararar til å gjennomføra dei nye registreringane, planlagt oppstart er rundt 10. juli. Vurderingane deira vert kontrollert og kvalitetssikra av kommunen. Hyllestad kommune har engasjert firmaet eSkatt as som prosjektkoordinator/ prosjektressurs for støtte til prosjektet. Når ein eigedom er ferdig registrert vert opplysningane lagt fram for Sakkunning nemnd for eigedomsskatt , som vedtek takstane formelt.

Sakkunnig nemnd vedtek takstane. Dei får god hjelp av synfararane, eigedomsskattekontoret og eSkatt as, men det er Sakkuning nemnd som er vedtek takstane.

Det er elles kommunestyret som kvart år fastsett skattenivået gjennom vedtak av skattepromillen.
 
Utvendig synfaring

Takseringa av eigedomane startar no. Synfararane har på seg gule refleksvestar frå kommunen, og ber med seg ID-kort med namn og foto. På kvar eigedom tek synfararane bilete. Det er utvendig synfaring av eigedomane, og det er såleis ikkje naudsynt for eigar å vere til stades.

Synfararane har med seg eigedomsinformasjon frå Matrikkelen, og skal kontrollere at det som er registrert der er rett. Dei vil i tillegg ta bilete av alle bygg.
 
Eigar har plikt til å klage

Eigar har plikt til å klage dersom han oppdagar feil i takstgrunnlaget. Eigar er den siste kontrollinstansen som sikrar rett takstgrunnlag. Alle heimelshavarar oppfordrast difor til å kontrollere skattesettelen dei får tilsendt i mars 2020.
Eigar har seks veker på seg til å klage til kommunen og få ei ny vurdering. Dersom eigar ikkje får medhald klagen, kan saka klagast vidare til ei klagenemnd. Då vert det gjennomført ei ny runde med verdsetjing gjort av personar som ikkje kjenner til den opprinnelege taksten. Den nye takstvurderinga kan såleis bli både lågare og høgare enn den taksten ein hadde i utgangspunktet.

Om eigedomsskatt

Ny alminneleg taksering for Eigedomsskatt omfattar alle faste eigedomar i heile kommunen:
- Bustader og fritidseigedomar
- Næringseigedomar
- Overføringslinjer- og nettanlegg tilhøyrande kraftleverandørar
- Kraftverk (vert årleg taksert av sentralskattekontoret).

Eigedomsskatten gjev for Hyllestad kommune eit viktig bidrag til finansiering av tenestene kommunen yter til sine innbyggjarar.

Eigedomsskatten er kommunal og heimla i Lov om Eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) med tilhøyrande forskrifter. 

Sakkunnig nemnd/takstnemnd:
Anders Lorentzen, leiar
Frode Akse
Karsten Birkeland

Administrative kontaktpersonar:
Rådmann Gunn Lerøy
Skatteoppkrevjar Sebastian Kurpat

 

Aktuelle dokument

- Brev til alle eigarar av bustader i kommunen (PDF, 721 kB)

- Brev til alle eigarar av næringseigedommar i kommunen (PDF, 2 MB)

Kontakt

Gunn Lerøy

Rpdmann
Telefon : 57789503
E-post :

Sebastian Kurpat

Økonomirådgjevar/skatteoppkrevjar
Telefon : 57789510
E-post :