To grupper tirsdag og to grupper torsdag, begge dagar kl. 13:00 - 14:00 og 14:00 - 15:00.
På grunn av korona kan det vere max 5 personar på kvar gruppe. Ergoterapeut Jim-Roar Wolff vil vere til stades for rettleiing for dei som ønskjer det.
Påmelding i forkant til Jim-Roar på telefon 900 60 439 eller 577 89 602.
VIKTIG:
For at dette skal gjennomførast på tryggast mogleg måte, gjeld følgjande smittevernreglar:
- Påmelding i forkant slik at ein har oversikt over kor mange ein blir samstundes på trening.
- Alle må følgje god handhygiene. Det er moglegheit for å sprite hendene på treningssenteret. Ta gjerne med eigen
handduk!
- Hald minst 1 meter avstand til dei andre og unngå fysisk kontakt.
- Dersom du ikkje føler deg frisk, må du halde deg heime.
- Alle deltakarar må sprite og tørke av apparata etter bruk.
Aktiv på dagtid er eit tilbod til alle, uansett alder!
Pris er sett til kr 35,- for kvar gang, slik som tidlegare.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål - og hugs påmelding i forkant.
Vel møtt til trening!
Jim-Roar Wolff
Ergoterapeut
90060439/57789602