10 tilfeller av covid-19 i Hyllestad

Det er no påvist 10 covid-19 tilfeller i Hyllestad kommune.  Smittesporing er i full gang.

Dei smitta er sett i isolasjon, og til no er fleire enn 150 personar i karantene.

 

I og med at vi er eit lite samfunn ønskjer vi å vere føre var og stenger difor skulane og barnehagen til vi har fått oversikt over situasjonen.  Skulane vert stengt 30.9., 1.10. og 2.10., i veke 41 er det haustferie.  

Barnehagen vert stengt 30.9., 1.10. og 2.10., det vert vurdert etter kvart når ein kan opne igjen. 

Det er òg innført besøksrestriksjonar på sjukeheimen, kun pårørande til svært sjuke pasientar får besøkje etter nærare avtale.

Elles er kommunehuset og Hyllestadhallen stengt, og ein oppmodar alle innbyggjarane til å vere forsiktige.  Unngå helst større sosiale hendingar, ha gjerne heimekontor om du kan og føl dei nasjonale smittevernråda.

Alle som har vore i nærkontakt med dei med påvist smitta vil bli kontakta av smittesporingsteamet for vidare avtale, testing og informasjon.  Det er difor ikkje naudsynt å ta kontakt med koronatelefonen eller legevakt for dette sjølv, med mindre du har symptom på covid-19.


 

Hyllestad kommune oppmodar alle til å ta omsyn til kvarande og å følgje smittevernreglane.

> FHI om avstand, karantene og isolering

> FHI om handhygiene, hostehygiene, bruk av munnbind, reingjering og klesvask

 

Litt, mykje eller heilt avstand? FHI

 

Har du fått påvist smitte må du i isolasjon.

Om du har vore i kontakt med ein med påvist smitte, må du i karantene.
Om du har vore i kontakt med ein nærkontakt, som ikkje er smitta, treng du ikkje vere i karantene - men bruk sunn fornuft og ta dei forhåndsreglar ein kan.  Bruk av heimekontor, bruke munnbind, unngå større forsamlingar og hyppig vask av hendene kan vere nokre tiltak.