-
Dato
-
19. mai 2022
-
Tid
-
20:00 - 22:00
-
Stad
-
Åfjorddalen bygdehus
I boka ”Dama” av Norvald Tveit, og teaterstykket av Kjell Eide, avdekkjer ein normer som dominerte dei trange vestlandsbygdene på førre århundre; hets mot avvikarar, misunning og religiøs fanatisme. Dei som voks opp her kunne oppleve grunnangst, men dei svake kunne sjølvsagt i einskilde tilfelle oppleve varme og forståing.
Med dette som bakteppe er «Dama» eit kraftfull stykke som nok vil røre med mange. Eit teaterstykke som peikar mot oss om solidaritet og omtanke for dei svake og medkjensle med dei utstøytte.
NB! Alle må tinge billett på førehand! Me har berre 130 billettar ledige kvar kveld - her må de vere om dykk!
1. framsyning: 15. mai kl 17:00
2. framsyning: 17. mai kl 20:00
3. framsyning: 19. mai kl 20:00
Vaksne: 300 kr
Barn/ungdom under 18 år: 100 kr
Tinging av billettar gjer du på SMS eller telefon (etter kl 17) til 48070466 (Hege Støyva). Betaling på VIPPS eller kontant ved oppmøte.
Vi ønskjer vel møtt til innhaldsrik teaterkveld!
https://www.facebook.com/afjorddalen/photos/a.475713685945785/1933742713476201