Finn viktig informasjon om:

Teater - Dama av Norvald Tveit

«Dama» er kanskje ikkje ein typisk folkekomedie, men latteren sit også laust i dette dramatiske teaterstykket der vi er med Sylfest frå ungdom og inn i vaksenverda. Vi føl Sylfest gjennom oppveksten der han vert sett på som «ein slik». Vi får innblikk i eit bygdemiljø der krambua og misjonen er ryktesentralar.

Dato
15. mai 2022
Tid
17:00 - 19:00
Stad
Åfjorddalen bygdehus

I boka ”Dama” av Norvald Tveit, og teaterstykket av Kjell Eide, avdekkjer ein normer som dominerte dei trange vestlandsbygdene på førre århundre; hets mot avvikarar, misunning og religiøs fanatisme. Dei som voks opp her kunne oppleve grunnangst, men dei svake kunne sjølvsagt i einskilde tilfelle oppleve varme og forståing.

Med dette som bakteppe er «Dama» eit kraftfull stykke som nok vil røre med mange. Eit teaterstykke som peikar mot oss om solidaritet og omtanke for dei svake og medkjensle med dei utstøytte.

NB! Alle må tinge billett på førehand! Me har berre 130 billettar ledige kvar kveld - her må de vere om dykk!
1. framsyning: 15. mai kl 17:00
2. framsyning: 17. mai kl 20:00
3. framsyning: 19. mai kl 20:00

Vaksne: 300 kr
Barn/ungdom under 18 år: 100 kr

Tinging av billettar gjer du på SMS eller telefon (etter kl 17) til 48070466 (Hege Støyva). Betaling på VIPPS eller kontant ved oppmøte.

Vi ønskjer vel møtt til innhaldsrik teaterkveld!

https://www.facebook.com/afjorddalen/photos/a.475713685945785/1933742713476201

 

Arrangør

Åfjorddalen Ungdomslag