Koronavirus - Hyllestad kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.  

Open hall-arrangement for seniorar i Hyllestadhallen

Velkomen til ei hyggeleg samling i Hyllestadhallen der du blir kjent med kjekke aktivitetar for seniorar!

Dato
30. november 2021
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Hyllestadhallen

Visste du at Hyllestadhallen har mange spennande tilbod for seniorar? Vi skal ha ei samling der du får "snuse" på alle tilbod:

· Aktiv på dagtid og treningssenteret v/Jim-Roar Wolff (ergoterapeut)

· Sykle på treningssyklar (spinning) med Mona Birkeland

· Friskis & Svettis Hyllestad v/Anette Feten og Anne Marit Løvø

· Seniordans

· Biljard

Du kan prøve deg, stille spørsmål eller berre sjå om dette er noko for deg.

Kle: Komfortable sko og kle. 

Servering av rundstykke, frukt og kaffi i kantina. Alt gratis!

Treng du transport? Vi kan ordne med sjåfør! Ring 911 95 016 (Franziska) til seinast 28.11.

Påmelding: Meld deg gjerne på dersom du veit at du kjem (tlf. 911 95 016). Men det er lov å komme utan påmelding også! :-)

 

Arrangør

Hyllestad kommune
Postnummer og stad
6957 Hyllestad
Telefon
57789500

Kontakt

Franziska Rüttimann Storemyr, kulturkonsulent