Aktiv på dagtid ønskjer å starte opp igjen med eit tur/trimtilbod frå veke 23.
Tilbodet er for alle, både dei som har vore deltakarar i "Aktiv på dagtid", men òg dei som har brukt å reise til Eiklund.
Det vert lagt opp til to turar kvar tirsdag og torsdag (vi kan vurdere andre dagar om det passar bedre). Det vert tur for dei som ønskjer eit roleg tempo kl. 13:00 - 14:00, og for dei som ønskjer litt høgare intensitet og meir trimtur kl. 14:00 - 15:00.
Oppmøte ved fleirbrukshuset på Hyllestad for begge gruppene, h.h.v. kl. 13:00 og kl. 14:00.